Studerer du TAF-Helse får du både fagbrev som helsefagarbeider, og studiekompetanse slik at du kan studere vidare ved høgskuler og universitet.
I 2007 sette Knarvik vidaregåande skule i gong eit nytt TAF-tilbod. Dette nye undervisningstilbodet tek utgangspunkt i TAF-modellen. På same måte som innanfor mange tekniske fagområde har vi sett at det er eit behov for ungdom som har bakgrunn frå arbeid på grunnplanet i helseinstitusjonar. Vi ønskjer å gje eit tilbod om studiekompetanse og fagbrev i helsearbeidarfaget.
Studiekompetansen
Inkludert i studiekompetansen ligg også dei faga som er naudsynte for at ein skal kunna koma inn på medisinstudiet (d.v.s. Matematikk MR1, Fysikk 1, Kjemi 1 og Kjemi 2). Ver merksam på at sjølv om du har dei faga som krevst for å koma inn på medisinstudiet, er krava til karakterar svært høgt i alle fag. I tillegg vil mange som søkjer medisinstudiet måtta samla tilleggspoeng ved å ta fleire fag enn minimumskravet.
Med studiekompetanse oppnådd gjennom TAF Helse vil du også kunna søka på sjukepleiar-, bioingeniør-, faramasi- og fysioterapiutdanninga.
Studieforløp
4 år
Fagbrev
Helsearbeiderfaget
Fordeling arbeid/skule 1.-3. år
Tre dagar i veka på skule, to i praksis.
FORDELING ARBEID/SKULE 4. ÅR
To dagar i veka på skule, tre i praksis.
Organiseringa av undervisninga
1. og 2. året er elevane ute i praksis 2-dagar og 3-dagar på skulen ( lærlingløn i 2-dagar; for tida i bedrift)3. året er dei lærlingar og er ute i praksis 2-dagar og 3-dagar på skulen (lærlingelønn for heile veka)4. året er dei lærlingar og er ute i praksis 3-dagar og 2-dagar på skulen (lærlingelønn for heile veka)
Praksisplassar
Praksisplassane er i ulike helseinstitusjonar i kommunane, sjukeheimar, heimesjukepleie, bustader for utviklingshemma og verna bedrifter. Planane seier at lærlingen skal ha praksis i sjukehus. Eleven fylgjer programområda for VG1-helse og sosialfag og VG2-helsearbeiderfag. Etter at eleven har fått godkjendt skule og læretid, har han fagbrev som helsefagarbeider.
ELEVAR FORTEL:
Her fortel nokre TAF-elevar frå helse om sin kvardag på TAF/YSK: