Send søknad på eige søknadsskjema innan fristen. Hugs å fylle inn karakterane fra 1. termin. NB! Det er ikkje desse karakterane som me ser på ved inntak.
Pass på at du skriv på ditt mobiltelefonnummer og di epostadresse.
Pass på at ungdomsskulen din sender inn dine standpunktkarakterar i slutten av mai/starten av juni.
03 – Rangering
Søkjarane vert rangert etter karakter av Knarvik vidaregåande skule. Me legg stor vekt på matematikk og naturfag.
04 – Intervju
Søkjarane vert fordelt til intervju av styret i TAF-rådet. Dei prøver så langt råd er å finne bedrifter som ikkje ligg for langt borte frå der du bur. Innkalling til intervju får du via SMS. Dei som kjem til intervju, får garantert to intervjuer (unntak: TAF-HO der nokon av søkjarane berre får tilbod om intervju i heimkommunen. Men her er det mogleg å ynskje intervju i Bergen kommune eller hjå Helse Bergen). Intervjua vert gjennomført fyrst på TAF-EL, TAF-TP og TAF-HO. Intervjua på TAF-BA vert gjennomført til slutt. Søkjarane på TAF-EL og TAF-TP kan få tilbod om intervju her også om dei ikkje er innstilt til plass på førstevalet sitt.
05 – Prioriteringar
Etter intervjua sender du di prioritering av bedrifter til Knarvik vidaregåande skule (Dette gjelder TAF-TP og TAF-EL. TAF-rådsstyret drøfter søkjarens og bedriftas prioriteringar og kjem med si innstilling som vert sendt til Hordaland Fylkeskommune. Det er Hordaland Fylkeskommune som tek inn elevar til vidaregåande utdanning og du vil få melding herfrå om kva utdanning du kjem inn på. Dette skjer samtidig med alle andre søkjarar til vidaregåande utdanning i Hordaland). På TAF-BA og TAF-HO vert søkjarane handsama rett etter at intervjua er avslutta. Også her vert bedriftas innstilling sendt til Hordaland fylkeskommune.
Lurer du på noe angående søknad og opptak? Ta kontakt