Onsdag 9. desember vart årets lærling i Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg kåra av Byggopp Vestland. Her vart første og andre plassane i betongfaget delt ut til heile fire TAF byggfag lærlinger!
Det vart delt førsteplass mellom Sofie Øian frå Veidekke Entreprenør og Henrik Wisth frå Brødrene Ulveseth. På andreplass kom Audun Haukeland frå Obas Entreprenør og Janniche Næss Bergås frå Backe Bergen.
Vi gratulerar våre dyktige elevar!
Utdanningmessene er avlyst for skuleåret 2020/2021.
Knarvik vidaregåande skule jobbar med alternativ orienteringer om TAF-utdanninga til 10.klassingar. Det vert mest sannsynleg videoar om TAF, besøk til ungdomsskular og orienteringsmøte på Knarvik vgs.
Opplæringa på TAF skjer i samarbeid mellom Knarvik vidaregåande skule og lokalt næringsliv, både privat og offentleg. Etter 4 år oppnår du dobbel kvalifikasjon: Både fagbrev og studiekompetanse med fordjupning i matematikk og fysikk.
Dei to fyrste åra går du tre dagar på skule og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra er du lærling med lærekontrakt. Tredje året er fordelinga mellom skule og bedrift som i dei fyrste, medan du er i bedrift 3 dagar i veka det siste året. Etter 4 år avsluttar du opplæringa i bedrift med fagprøve.
Med faglig kompetanse, fagbrev og studiekompetanse er du godt forberedt til å kunne studere videre ved alle høyskoler og universiteter i inn- og utland.